x

Målet i Sørum


Av Sigurd Kolsrud
Hefte XVII i Skrifter frå Norsk målførearkiv ved Olav T. Beito
Heftet, 72 sider
Universitetsforlaget 1961
Pris kr. 50,- Nå kr. 20,-
(ved forsendelse kommer portokostnader i tillegg)

Norsk Målførearkiv sende ut dette etterlate arbeidet av Sigurd Koldrud, grunnleggjaren av Norsk Målførearkiv og den fyrste utgjevaren av denne skriftrekkja, i 1961. Samstundes vart utgreiinga prenta i Bygdebok for Sørum II, og er av di halden i populær form.

Romeriksmålet var eitt av Sigurd Kolsruds kjæraste granskingsemne, og han har tidlegare skrive eit større oversyn over Romeriksmåla i Norske Bygder III, Romerike. Fleire år på rad gjorde han oppskrifter i Romeriksbygdene, og Norsk Målførearkiv har store samlingar etter han derifrå. Avhandlinga om Sørumsmålet er ei høveleg supplering til oversynsverket, og gjev vitring om detaljar, som ikkje kunne koma med der.

I eit føreord skriv olav T. Beito: ”Sørum er ei gamal sentralbygd på Nedre Romerike, hovudbygda i den gamle Sudrheims Tridiung, og heimbygd for gamalnorske høgadelege ætter. Ho ligg vestanføre Glåma, og er eitt herad og eitt prestegjeld. Målføret er typisk for den vestre og nedre luten av det gamle Raumariki.”

20.00  NOK


OMTALE:



your name*

email address*

comments*
You may use these HTML tags:<p> <u> <i> <b> <strong> <del> <code> <hr> <em> <ul> <li> <ol> <span> <div>

verifiseringskode*
 
comment note